Ferskvannsfiske

INSTEFJORDEN OG ØYSTREBOTNVATNET

Fjellaure frå Øystrebotnvatnet.

Sørebøelva renn rett forbi gardshusa og har sitt utspring i fjella ovanfor Sørebøstølen.

I dette vassdraget er det fleire store vatn. Ved stølen ligg Instefjorden og Øystrebotnvatnet. Begge har rikeleg med fjellaure. I Instefjorden kan ein få fisk over kiloen. I Øystrebotnvatnet er fisken betydeleg mindre.

ALMDOKKVATNET

Almdokkvatnet ligg inst i Sørebødalen.

Nede i dalen, ein halvtimes gange frå garden, ligg Almdokkvatnet. Det har ein stor bestand av fjellaure på 200-300 gram. Ein kan fiske frå land eller leige båt på Sørebø Gard.

Til fiske i dette vatnet kan gjestar også leige garn, noko som kan gje særs god fangst.

Det er også andre fjellvatn i området som kan gje bra aurefiske. Fiskekort seljast i den lokale butikken.