Det vakre

Skogstjerne er ein av blomene ein kan møte i Sørebødalen.

Du ser stjernene klårare enn nokon gong
Når du ei mørk og skyfri natt er på vandring
I Sørebødalen mellom dei svarte fjella.

Men stjernene skin og strålar også.
Frå den mørke skogbotnen i Sørebødalen
Når du ein varm sommardag går tur mellom trea.

Sjustjerna i dalen står der og minner oss om
At det vakre på himmelen og på jorda høyrer saman.
Gud set stadig sin signatur på naturen som vi lever i.

Geir Sørebø 2017

 

Kloven er eit landemerke i Sørebødalen som gardsfolket har undra seg over i meir enn 500 år.

Det vakre er det som set fantasien i sving.
Kva var det som hende den dagen fjellet sprakk i to?

Det vakre er det som er eineståande.
Den Kloven som det ikkje finst kopi av nokon stad i verda.

Det vakre er det som er utilnærmeleg.
Det gråberget ein ikkje kan kome nær utan å verte slegen i hel

Det vakre er det som er uovervinneleg.
Den fjellveggen som ingen tør klatre opp  eller setje ein bolt i.

Det vakre er det som er i rørsle.
Dei hamrane som dagleg sender ned eit dryss av store og små steinar.

Det vakre er det som er evig.
Det Guds berg som har stått her urokkeleg sidan verda vart skapt.

Det vakre er det som dreg alle sine auge til seg.
Det som gjer at ein undrar seg og kjenner frysningar ned over ryggen.

Geir Sørebø 2017

 

Instefjorden er eit nokså uvanleg fjellvatn ved Sørebøstølen.

På fjellet ligg eit vatn. I vatnet finst ting som vi ikke veit om.

Ingen veit kor djup Instefjorden er. Ingen veit kor stor auren blir.

Men han er tallrik, og vi kan nyte han både til fangst og på tallerken.

Ein gong fekk vi han på to kilo. Men oftast møter vi dei mindre brørne hans.

Instefjorden skjuler hemmelegheiter. Kanskje nettopp du er den som oppdager noko nytt i trollvatnet ved Sørebøstølen.

Egill J. Danielsen 2017